NM i saueklypping og ullhandtering 2026

Klyppar og ullhandterar, velkomne til Bjerkreimsmarken og NM i saueklypping og ullhandtering i Bjerkreim 25.-26. september!

For 10. gong skal Bjerkreim vera vertskap for NM i saueklypping og ullhandtering! NM blir arrangert samtidig som den tradisjonsrike Bjerkreimsmarken, som i år feirer 40-års jubileum. Bjerkreimsmarken har sin historie i saueutstillinga som har blitt arrangert på Vikeså tilbake til 1940-talet. Det er ikkje tvil om at sauen har ein heilt sentral plass i kommunen vår. I mars i år var det registrert 16 150 vinterfora sau i Bjerkreim, noko som gjer kommunen til landets tredje største sauekommune!

Påmelding til NM i saueklipping og ullhåndtering

Arrangør: Bjerkreim Sau og Geit, Rogaland
Dato: 25. – 26. september
Stad: Vikeså sentrum – Bjerkreimshallen
Overnatting: Det er få overnattingsplasser på Vikeså, derfor har NM-komiteen ordna med leie av gamle Bjerkreim omsorgssenter. Her er det mogleg å overnatta på dobbeltrom eller på sovesal. Dette er reservert deltakarar og dommarar. Det vil også vera bobilparkering i kort gå-avstand til NM-hallen. Det er nokre moglegheiter for hytte-utleiege i kommunen. Sjekk:Overnatting i Bjerkreim

Vikeså ligg langs E-39, 50 minutt kjøring frå Stavanger og Sola Flyplass og 30 minutt kjøringfrå Egersund. Vy ekspressbuss stopper på Vikeså.

Det blir speedklypping med pub fredag kveld, og bankettmiddag og konsert med Gunslingers lørdags kveld.

Det er fleire klassar som er opne for påmelding:

Junior: Opptil 50 dyr per dag (8 timer): 325,- (525,-)

Mellomklasse: 51 – 100 dyr per dag: 525,- (725,-)

Senior: 101 – 200 dyr per dag: 775,- (975,-)

Open klasse nasjonal - NM: Over 200 dyr per dag: (775,- (975,-)

Open internasjonal klasse: Over 200 dyr per dag: (775,- (975,-)

 

Ullhandtering open nasjonal NM: 775,- (975,-

Handsaks (må være deltaker i anna klasse): 100,-

Speedkypping (fredag kveld): 200,- (300,-)

Kvar klyppar kan delta i 2 hovedklasser – (handsaks og speed er utenom).

Pris inkluderer deltaking+bankett+konsert Gunslingers